Nyheter

noimage

Kilde: Stock Exchange

Pleie og omsorg i Suldal
Høge kostnader og høg kvalitet, men et klart effektiviseringspotensial.

Føremålet med prosjektet har vore å sjå nærare på tenestekvalitet og ressursbruk innan pleie- og omsorgssektoren, finna dei viktigaste kostnadsdrivarane og blottleggja det effektiviseringspotensiale som finns.

Netto driftsutgifter per innbyggjar til pleie- og omsorgstenester viser at kommunen er blant dei dyraste i landet. Samanlikna med snittet i kommune-Noreg er kostnadane om lag dobbelt så høge.

Kostnadsdrivarar. Suldal kommune har langt høgare dekning når det gjeld plassar i institusjon og heildøgnsbemanna bustader, enn andre kommunar. Kommunen har kostbare institusjonsplassar, og det har vært ein del ledige plassar i institusjon eller heildøgnsbemanna bustader. Samstundes tek ein høg prosentdel av innbyggjarane imot pleie- og omsorgstenester, samanlikna med andre kommunar, og talet på tildelte timar til praktisk bistand i heimen ligg høgt.

Gjennomgangen tydar på at nivået på pleie- og omsorgstenestene er høgt i Suldal, men at det kostar.

I gjennomgangen støyter vi på eit tilsynelatande paradoks: Suldal kommune har relativt mange mottakarar av heimetenester, samanlikna med andre kommunar. Samstundes er det dei siste åra blitt færre brukarar med omfattande hjelpebehov og fleire brukarar med eit meir avgrensa hjelpebehov. Vi ser også at det dei siste åra har blitt tildelt færre timar med heimesjukepleie i gjennomsnitt per brukar. Til tross for dette har utgiftene per mottakar av heimetenester auka betydeleg frå 2013 til 2015. Utgiftene til heimetenester i Suldal er dessutan relativt høge samanlikna med andre kommunar. I rapporten går vi nærare inn på kvifor det er slik.

Effektiviseringspotensiale. Tenestemottakaranes pleiebehov er redusert dei siste åra i Suldal. Samstundes synar framskrivingar av folketalet at det blir færre over 80 år fram mot 2020, og langt fleire i alderen 67-79 år. Dette kan bety at behova for omfattande pleie- og omsorgstenester vil bli mindre i åra framover. Forsking tilseier dessutan at innbyggjarane i landet vil bli eldre og friskare i framtida.

Etter vår vurdering utgjer desse faktorane eit godt brukarmessig grunnlag for eit skifte i pleie- og omsorgssektoren i åra framover, med sikte på å stimulere brukarane til å bu lengre heime på eigenhand og bli mest mogleg sjølhjulpne. Kort fortalt inneber dette ei dreiing frå tildeling av omfattande hjelp og bistand, til meir merksemd mot trening og meistring av dagleglivets aktivitetar.

Nylig har kommunen byrja gje tilbod om kvardagsrehabilitering, noko som inneber fysisk aktivitet for at den einskilde skal klara seg i eigen heim. Auka bruk av rehabilitering og tilgjengeleg velferdsteknologi forventast å gje auka mestring slik at ein kan bu lenger heime. Dette er tiltak som bidreg til tryggleik og sjølvstende for brukarane.

Erfaringar frå andre kommunar er at bistandsbehovet går ned og eigenmestringa aukar etter ei periode med kvardagsrehabilitering.

I eit utkast til saksframlegg om den framtidige strukturen for pleie- og omsorgstenestene, føreslår rådmannen at heimetenestene blir samla i ei eining på Sand, med ein leiar. Dette vil kunne mogleggjere ei heving av kompetansen gjennom ei sterkare faglig spesialisering, til dømes med omsyn til lindring og kvardagsrehabilitering. Tilbakemeldingane i intervjua våre tydar på at Jelsa og Vinjar bu- og omsorgssenter har slitt med å sikra tilstrekkeleg fagkompetanse, spesielt til helger og kveldar. Ei samling i ei eining vil redusere dette problemet, og samstundes redusera sårbarheten ved fråvær.

I utkastet ser ein òg for ser for seg ein mykje meir aktiv og mobil heimeteneste, der sjukepleieressursane blir sendt ut frå Sand etter kor det er behov for dei. Ein ser mellom anna for seg ein eigen nattpatrulje.

Etter vår vurdering er dette forslag som vil kunne skapa eit godt organisatorisk grunnlag for å få til auka satsing på førebygging, hjelp til sjølvhjelp og kvardagsrehabilitering. Dette vil igjen auka sjansane for at brukarane blir buande lengre heime, samstundes som behovet for institusjonsplassar og heildøgnspleie på kommunens bu- og omsorgssentera vert redusert. Dette er positivt for den einskilde brukar og kommunens økonomi. 

Insitusjonsplassar. Til tross for at kommunen har avvikla 13 plassar i institusjon og heildøgnsbemanna bustadar, står framleis fleire plasser ledige. Kommunen bør sjå nærare på om det er mogleg å få til ytterlegare reduksjon i talet på plassar.

Kommunen bør vurdere sin eigen terskel for å tildeling av heimetenester. Likeins bør ein sjå nærare på kvifor kommunen har relativt høge utgifter til heimetenester målt i høve til behov, og vurdera om det er mogleg å redusera utgiftene.

Kommunen bør òg sjå nærare på om ein kan redusera utgiftene til aktivisering og støttetenester, til dømes ved å rasjonalisere dagsenterdrifta. Dette bør likevel vurderast nøye. Dersom eit godt dagsentertilbod bidreg til å gjera brukerane meir sjølhjulpne og såleis forhindrar eller utset eit institusjonsopphald, vil det vera god økonomi for kommunen å oppretthalda dagens tilbod.

Les heile rapporten her.

Kontaktperson for denne rapporten er Frode K Gøthesen,  , 40620725

Publisert 21.02.2017 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • x
  • x