Nyheter

noimage

Kilde: Pixabay.com

Beredskap på verksemdnivå i Time kommune
Eit klart fleirtal av verksemdene svarar at dei har utarbeidd ein eigen ROS-analyse og beredskapsplan, men svært få har øvd.

Føremålet med dette prosjektet har vore å vurdera beredskapen i verksemdene i kommunen. Det metodiske hovudgrepet har vore ein stor spørjeundersøking retta mot alle verksemdene. Spørjeundersøkinga vart sendt ut til verksemdleiarar, mellomleiarar og verneombod. Undersøkinga vart send ut til 108 personar og returnert  av 68, dvs. 63 i svarprosent.

Vi finn:

  • Dei aller fleste verksemdene har ein eigen ROS-analyse og beredskapsplan, men det er grunn til uro når berre 18 prosent rapporterer at dei har øvd på planen.  
  • Alarm og telefon er dei vanlegaste kanalane for varsling av brukarar i krisesituasjonar ved verksemdene. Det er likevel urovekkande at 33 prosent av respondentane svarar at dei ikkje har eit varslingssystem eller ikkje veit korleis brukarane skal varslast. For skulane er andelen 41 prosent.
  • Relativt mange svarar at dei ikkje har eigne varslingsrutinar.

 

Utfordringar. I spørjeundersøkinga spurde vi verksemdene om kva dei såg på som dei største utfordringane for verksemda med tanke på beredskap/krisehandtering, og kva som skal til for å løysa desse. Eit moment som går igjen, er å nå ut med informasjon til alle tilsette. Dette fann vi òg i Sola og Stavangar. Respondentane frå skulene knyter dette opp mot at skulen er fordelt på fleire bygg og fleire inngangar, og at det er vanskeleg å varsla lærarar og elevar, spesielt når det ikkje finst eit callingssystem.

Ved verksemdene innan omsorg er informasjonsutfordringa òg knytta opp mot at det er mange små stillingar og høg rotasjon av tilsette, gjerne tre skift pr. døgn.  Fleire peikar på at det er utfordrande å halda alle oppdatert på planar, varslingsrutinar osb., og dessutan å nå ut med informasjon til alle når noko skjer. I dei andre kommunane peikte nokre verksemder innan omsorg på at dei var spesielt sårbare i helgene og om nettene. Årsak:  Det er få på jobb, og det er gjerne dei minst erfarne eller dei som har lågast stillingsprosent som er på jobb. Dette vart ikkje kommentert i Time, men vi trur dette òg vil kunna vera ei utfordring her.

Tiltak for å handtera utfordringane. Når det gjeld tiltak for å handtera utfordringane går følgjande moment igjen, på tvers av verksemdene: Gode og lett tilgjengelige lokale planar og rutinar som er tydelege og enkle å forstå, regelmessige øvingar, og stadige repetisjonar av lokale beredskapsprosedyrar for dei tilsette (òg for vikarar og dei med små stillingar). Fleire gjev uttrykk for at det er viktig å sikra regelmessig arbeid med  beredskap, men mange hevdar at det er utfordrande å setja av tid til det.

Les hele rapporten her.

Kontaktperson for prosjektet er Svein Kvalvåg, , 47252579

Publisert 18.04.2018 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • x
  • x